Kart med riktig informasjon kan lastast ned her, eller hentast på rådhuset.
Kommuneplanen er no ferdig trykt, og blir distribuert til alle husstandar i Bykle. Eit viktig fokusområde i kommuneplanen er helse og sunne livsvanar. Kommunestyret har derfor beslutta at ein saman med kommuneplanen skal distribuere "Kokebok for alle", utgjeve av Sosial- og helsedirektoratet. Boka har fokus på å formidle kunnskap om eit sunt og godt kosthald for alle.
Det er sportsklubben og idrettslaget som skal stå for distribusjonen, og me vil oppmode om å nytte nokre av dei fine aktivitetstilboda me har i kommunen, samt kose dykk med god og sunn mat!
Om nokon ikkje har motteke kommuneplanen i løpet av første del av november kan dei gi beskjed til kommunen.
Kommuneplanen for Bykle 2006 - 2018 blei eigengodkjent i kommunestyret 30.08.07. Planen vil bli distribuert til alle husstandar i kommunen, samt at den kan lastast ned her.
I løpet av høyringsrunden har det kome motsegner til seks ulike område i arealdelen av kommuneplanen. Kommunestyret har drøfta korleis ein skal forhalde seg til desse, og det vert no jobba administrativt og politisk for å kome fram til ei løysing.
Framlegg til kommuneplan for Bykle 2006 - 2018 låg ute til høyring fram til 21. februar 2007. Det er kome inn om lag 30 høyringsuttaler til planen. Du kan framleis sjå utkasta her.
27. desember var det igjen klart for den årlige Heimtefesten i Bykle. Om lag 60 unge var samla på Skikroa på Hovden skisenter. Kvelden starta med ein fartsfylt aketur i regi av Hovden Aktiv, for dei som ønskte det. Programmet innandørs var det i stor grad dei unge sjølv som stod for. Meir om dette, samt bilete, finn du her.
Både Hovden og andre vinterdestinasjonar opplever at det er vanskelig å få tak i kvalifiserte skiinstruktørar. For å prøve å gjere noko med dette vil Hovden Aktiv i samarbeid med Snowsport Norway arrangere skiinstruktørkurs på Hovden i januar.
12. september var det folkemøter i Bykle og på Hovden i samband med kommuneplanarbeidet. Her kan du sjå presentasjonen som vart gjeve. Du kan òg laste ned eit foreløpig kart, og sjå beskriving av det som har vore drøfta som aktuelle utbyggingsområde.
12. september vert det informasjonsmøter om arbeidet med kommuneplanen i Bykle og på Hovden.
Styringsgruppa for kommuneplanarbeidet hadde møte 20. juni 2006 for å drøfte samfunnsdelen av kommuneplanen.

14. juni hadde representantar frå Bykle kommune og Bykle og Hovden Vekst AS møte med Fylkesmannen og fylkeskommunen på fylkeshuset i Arendal. Hovedtema for møtet var deira høyringsuttaler til planprogrammet og diskusjon i høve til arealdisponeringar og kommuneplanlegging generelt.
Undervegs i arbeidet med kommuneplanen har det vore gjennomført møter med frivillige lag og organisasjonar, kommuneadministrasjon, tilsette innan helse- og sosialsektoren, tilsette ved skular og barnehagar, ungdom og representantar frå næringslivet i kommunen. Ei anna gruppe me var interesserte i å få innspel frå var ”hyttebyklarar” – dei som brukar mykje av tida si i fritidsbustader i kommunen vår.
Berre 15 har svart på spørjeundersøkinga i samband med Heimte-arrangementet. Du kan finne lenke til eit samandrag av svara her.
Ei ny utgåve av magasinet Bykle2020 er no sendt ut til alle husstander i kommunen. Hovudfokus i dette nummeret er unge etablerarar i kommunen.
Kommuneplanen 2006 - 2018 blei vedteke av kommunestyret 30.08.2007. Her kan du laste ned dei ulike delane av planen.
Om du har spørsmål til arbeidet med kommuneplanen eller ynskjer å kome med innspel er du velkommen til å ta kontakt!
I samband med kommuneplanarbeidet er det gitt ut to magasin med informasjon om arbeidet, og interessante reportasjar frå kommunen vår. Du kan laste ned desse magasina her.